Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Gode nittedøler!
Dugnad og frivillighet høyres sjølsagt ut. Du har dugnad i idretten, skulekorps, burettslag, vellag, you name it. Du finn ikkje eit meir urnorsk ord enn dugnad, frå gamalnorsk dugnadr som betyr "hjelp, god gjerning, kraft" Vi seier at "det duger, du er dugande". Ja, det er dei som har fått dugleiksmerke for innsats i Forsvaret, på arbeid, og innsats i frivillig arbeid!
Vilje til dugnad og frivillighet har vi i blodet. Eit av velferdstaten sine grunnpilarer er nettopp frivillig innsats, og Norge scorer høgt på dette i bygd og by. Uten dugnad kan vi mest ikkje tenka oss idrett, skulekorps, likeså humanitært, og ideelt arbeid, her under kyrkje og det vidfamnande kulturlivet.
Kva kan politikere i Nittedal kommune bidra med? Vi kan bl.a tilrettelegga for at lag og foreninger får ei håndsrekning i form av kulturstøtte, bidra med å tilrettelegga områder for leik og idrett, gi mulighet for leige/evt. gratis lokale for treffpunkt oss nittedøler i mellom - integrering er ordet.
Nittedal har eit flott kommunevåpen som er meir enn eit skispor. "Nittedal langs" er meir enn eit eller fleire skispor nokre månader i året. Vi skal sette spor etter oss året igjennom. Nittedal skal vera ein trygg kommune. Politikk angår oss alle. Kr.F ønsker å vera ein pådriver til eit trygt og varmt samfunn der vi står opp for kvarandre, på store og små områder. Godt val.